3 steig for å sjekke kva studiar du kan komme inn på

1. Rekn ut

Bruk Karakterkalkulatoren til Utdanning.no til å rekne ut poenga dine.

2. Finn aktuelle studier

Bruk Studievelgeren til Utdanning.no. Der ser du:

  • Kva studier du kan komme inn på.
  • Kva fag du må ha på videregåande for å komme inn på ulike studiar. 

3. Sjekk fjorårstalet

Sjå på poenggrensene frå i fjor. Desse endrar seg frå år til år. Det er derfor ikkje sikkert det vil vere det same når du skal søkje.