Chat og telefon for vegsøkjarane dine

Chat og telefon  er gratis, anonymt og blir bemanna av karriererettleiarar. Vi rettleier på norsk, og tilbyr karriererettleiing om utdanning, opplæring og jobb.

Vegsøkjarane dine kan bruke chat og telefon som:

  • Førebuing til samtale med deg.
  • Støtte mellom rettleiingar.
  • I ettertid viss det dukkar opp meir behov for rettleiing.

Døme på kva vegsøkjarar snakkar med oss om:

 – Treng hjelp med å finne ein jobb eg kan trivast betre i.

– Eg leitar etter ei vidareutdanning eg kan ta på deltid.

– Vil aller mest droppe ut av studiet.

– Veit ikkje kvar eg skal byrje i jobbsøking.

Grupperettleiing eller klassar

Du kan gjerne modellere korleis chatten kan brukast ved å starte ein chat der du sender inn spørsmål på vegner av fleire. På grunn av kapasitet tilrår vi ikkje at store grupper eller heile klassar tek kontakt samtidig.

Her kan du lese kva metodikk vi bruker i rettleiing.