Chat og telefon for elevar

Elevar kan snakke med oss om utdanning, opplæring og jobb. Chat og telefon er gratis, anonymt og blir bemanna av karriererettleiarar. Vi rettleier på norsk, og det er drop-in i opningstida.

Her er nokre døme på kva elevar har snakka med oss om:

 – Kva er eigentleg ein bachelor?

– Eg lurer på kva ein gjer i Medium og kommunikasjon? Og kva kan eg bli?

– Mykje av problemet er at eg har ingen ide eller aning for kva eg vil bli. Dette har gjort at eg har mista all motivasjon og har ingen mål eller noko å gå etter.

– Korleis kan eg få meg ein jobb?

Grupperettleiing eller klassar

Du kan gjerne modellere korleis chatten kan brukast ved å starte ein chat saman med ei gruppe eller klasse. På grunn av kapasitet tilrår vi ikkje at heile klassar tek kontakt samtidig.

Her kan du lese kva metodikk vi bruker i rettleiing.