5 tips til å hjelpe ungdom i val av vidaregåande

Kjenner du ein 10.-klassing som ikkje veit kva hen skal bli eller velje på vidaregåande? Det er vanleg å vere usikker, og ein del tek kontakt med karriererettleiarane våre for å snakke om valet.

Her er fem tips til korleis du kan hjelpe ungdom med å velje vidaregåande utdanning.


1. Oppdater deg på utdanningssystemet

Utdanningssystemet er annleis enn før. Test kva du kan om vidaregåande.

Bruk Utdanning.no for å lære meir om utdanningssystemet: 

Utdanningssystemet i dag gir andre moglegheiter enn dei gav tidlegare. Her er ein film som viser at uansett val på vidaregåande er det mange moglegheiter etterpå:

2. Sett deg inn i moglegheitene 

Senk forventninga om at ungdommen skal vite kva dei skal bli. Dei må ikkje ha bestemt seg for eit yrke for å velje vidaregåande. Valet handlar om å bestemme seg for kva for eit av dei 15 utdanningsprogramma dei ønskjer å ta. Utdanningsprogram er det som før vart kalla linjer. Her er 4 tips for å bli kjent med utdanningsprogramma. 

Fylka kan ha ulike tilbod. Til dømes kan det vere mogleg å kombinere fagbrev med generell studiekompetanse. Sjekk tilbodet der du bur. 

For ungdom som har eit bestemt yrke som mål, kan yrkesomtaler brukast for å sjå utdanningsvegen. 

3. Finn informasjon om inntaket  

Dei søkjer vidaregåande opplæring for offentlege skular på vigo.no.  

Kvart fylke har eigne  inntaksreglar. Sjekk derfor med inntakskontoret i fylket ditt viss du har spørsmål om søking.  

4. Lytt til ungdommen 

Du påverkar valet til ungdommen. Snakk gjerne med ungdommen om valet av vidaregåande, men dei unge har rett til å bestemme sjølv (barnelova §32). 

Du kan gjerne seie noko om: 

5. Snakk med ein rettleiar 

Nokre gonger kan det vere fint å snakke med ein nøytral part, både for foreldre, andre rundt og for ungdommen sjølv. Du kan snakke med ein karriererettleiar gratis på chat eller telefon.  

Ein karriererettleiar kan hjelpe deg med å finne informasjon, forstå utdanningssystemet og utforske moglegheiter ungdommen har.  

Andre ressurser: