Skip to main content

Kva er karriererettleiing

Karriererettleiing er rettleiing om utdanning, opplæring og jobb. Gjennom samtale med ein karrierevegleiar kan du få større innsikt i interessene dine, ønske og behov. Du kan få kartlagt kva du kan og kva du treng å læra meir av, og få betre oversikt over moglegheitene dine og hindringer. Karriererettleiing kan gjera at du blir tryggare på vala dine av utdanning, opplæring eller arbeid.

 

Alle har ein karriere

Ordet karriere er framandt for mange, det er lett å forbinda det med klatring på ein stige eller suksess i arbeidslivet. Men alle har ein karriere. Karrieren er vegen din gjennom jobb, opplæring, utdanning, ulønna arbeid og kanskje periodar utan jobb. Karrieren din utviklar seg gjennom heile livet, og du opplever mange ulike overgangar, tar mange val og lærer mykje note undervegs. Då kan det innimellom vera nyttig å snakka med ein karrierevegleiar, som kan gi deg nye idear, god informasjon og stilla spørsmål som hjelper deg til å bli klar over kva du vil.

Passar karriererettleiing for meg?

Alle kan ha nytte av karriererettleiing. Kanskje har du vore i arbeidslivet ei stund, men mista jobben eller vorte permittert på grunn av forandringar i samfunnet. Eller, du er ung og lurer på kva slags utdanning du bør velja. Kanskje har du ein stabil jobb, men føler at du verken utviklar deg eller blir sett nok pris på. Har du hamna på utsida av arbeidslivet, kan målet ditt vera å komma i gang igjen. Det kan òg henda du lurer på noko heilt anna om jobb eller utdanning. 

Eit møte med ein karrierevegleiar kan vera eit viktig skritt på vegen vidare. Du bestemmer sjølv kva samtalen skal dreia seg om, enten det er små eller store spørsmål.